– Om oppleving, kompetanse og læring i personalleiarrolla
Av Liv Janne Bell, Høgskolen i Sogn og Fjordane
Studien har som føremål å få kunnskap om korleis leiarar opplever det å vere personalleiarar,
kva kompetanse dei meiner er viktig i personalleiarrolla og korleis dei har lært seg å handtere
denne. Det er nytta kvalitativ metode i form av uformelle intervju. Utvalet består av 9
tenesteleiarar i èin kommuneorganisasjon. Å leie menneske vert rapportert å vere den mest
utfordrande leiarrolla.
Funna i studien syner at leiarane opplever det som utfordrande å vere personalleiar, men samtidig spanande og kjekt. Dei legg vekt på at du må like å vere personalleiar for å vere det: ”Du må synst det er kjekt!”. Den personlege kompetansen vert sett på som avgjerande for korleis leiarane handterer rolla som personalleiar. Funna viser at leiarane lærer personalleiing først og fremst gjennom eiga erfaring i det daglege arbeidet, dvs. uformell læring på arbeidsplassen. For å lære av slik erfaring er det viktig at leiarane har evne til å reflektere over dei erfaringane dei gjer seg.




